Les aksjonsgrunnlaget: Stans nye utenlandskabler

 

Fredag 9/4-21 vedtok regjeringa ein lovproposisjon for oversending til Stortinget, om endringar i energilova.

Der vrir dei seg unna, så langt som mogleg det pålegget dei fekk frå Stortinget, om at det er Statkraft som skal eige og drifte utanlandskablar, og opnar for NorthConnect utan Statnett. Kva gjer opposisjonen med dette?

Innhaldet i proposisjonen er, kort fortalt

  1. Det er berre Statnett, og selskap der Statnett har kontroll, som skal få lov til å byggje (og drifte?) nye utenlandsleidningar.
  2. Dette skal ikkje gjelde NorthConnect, Skottlands-kabelen. Dei dekkar seg bak at konesjonen til prosjektet vart levert i 2017, og den nye lova skal gjelde frå 2020.  Sjølvsagt ikkje noko i vegen for gjera dei nødvendige vedtaka for at det skal vera Statnett som skal overta, men det enklaste er at Stortinget gjer vedtak om at konsesjonen blir oppheva.
  3. Unntak også for kablar til installasjonar i havområde som kryssar landegrenser. Dette unntaket gjeld også kablar til vindkraftanlegg som blir kopla til andre land, slik at det kan bli overført elektrisitet mellom landa. Det neste spørsmålet her, er kva som skjer dersom det blir kablar frå Noreg til dei same anlegga, som også er kopla til andre land.

Oppslag i Europower